Monavekst

Mona Vekst AS er ei av 240 Vekstbedrifter i landet. Bedrifta yter attføringstenester i Nordfjord og Indre Sunnfjord. Hovudbedrifta ligg på Sandane i Gloppen kommune og har avdelingskontor på Nordfjordeid. Bedrifta driv ein allsidig produksjon av varer og tenester for sal i lokalsamfunnet/ regionen.

 

Stillbildefilm 

 

IMG 3210

Produksjon

 

Vaskeriet på Mona Vekst er eit industrivaskeri med kapasitet på ca 600 tonn tøy pr år. I hovudsak leverar vi vaskeritenester til helseinstitusjonar, hotell og lokale privat- og bedriftskundar. Vi har ein ny og moderne maskinpark med store og mindre vaskemaskiner, rullebane for sengetøy, dukrulle og tørkebane for uniformar. I 2005 flytta vaskeriet inn i nye og større lokalar på ca 1200 m². Sidan 2011 har vaskeriet auka kapasiteten betydeleg og nytt utstyr har fjerna mange manuelle og tunge oppgåver. Omtrent 20 personar har sitt arbeid på vaskeriet, dei fleste med mange år i bedrifta.

 

Kundar

 

Vaskeriet har to lastebilar som køyrer faste ruter i store delar av Sogn og Fjordane. Vi leverar i dag vaskeritenester til alle alders og sjukeheimar/omsorgssenter i 11 kommunar. I tillegg har vi mange tannlegekontor og tannklinikkar.

 

Vaskeriet leverar og vaskeritenester til fleire mindre hotell og gjestegardar i Nordfjord.

 

Vaskeriet skiftar kvar veke ut matter og moppar til mange bedrifter og skular/barnehagar i Gloppen. I tillegg vaskar ein uniformar og kjeldressar til fleire bedriftskundar.

 

Mange private kundar leverar inn dukar til vask og rulling. I tillegg vaskar og tørkar vi fiberdyner og fiberputer, gardiner og sengetøy for private kundar til fornuftige prisar.

 

Miljø og kvalitet

 

Mona Vekst er medlem av Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn som er med å kontrollere og sikre at vaskeriet til ein kvar tid følgjer gjeldande bransjestandard. I februar 2016 fekk Mona Vekst AS som fyrste vaskeri i Norge karakteren A+ etter uanmeldt revisjon. Bransjestandarden er med å trygge smittevernet for vaskeri som behandlar tekstiler for helseinstitusjonar.

 

Mona Vekst er ei miljøfyrtårnbedrift. Dette inneberer eit systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Miljøfyrtårn har eigne krav for vaskeri om energiforbruk, innkjøp, avfall og miljøvennlig drift samt godt arbeidsmiljø.

 

Mona Vekst er medlem av grønt punkt som er med å sikre at både vi og våre leverandørar har gode samfunnsøkonomisk og miljømessige returordningar av emballasje og plast.

 

Produkt og tenester til utleige

 

Sengetøy og handdukar

 

Dukar (handbretta)

 

Serviettar (handbretta)

 

Moppar og klutar

 

Matter

 

Vask og rulling av dukar for privatkundar

 

Vask av fiberdyner og fiberputer

 

Samarbeidspartnarar

 

Vevang Produksjon

Indre Sogn ASVO