Om du ikkje får tilbod om VTA eller andre tiltak gjennom NAV, kan Arbeidssenteret vere plassen for deg.

Her arbeider personar som i større grad treng tilrettelegging og oppfølging for å delta i arbeid og aktivitet. Vi har eit fokus på det sosiale som gjer at vi krydrar kvardagen med ulike aktivitetar (musikk, fysisk aktivitet ol.)

Det arbeidsretta aktivitetstilbodet på Mona Vekst vart etablert i  2008, og blir drive i eit samarbeid mellom Mona Vekst AS og Gloppen kommune.

 

Hovedmålsetjinga vår er at du som arbeider her skal: 

Få oppleve meining og meistring i kvardagen.

Få vere kreative, skapande og produserande

Få vere ein del av eit godt og trygt sosialt fellesskap

Grunnideen er at arbeid og aktivitet vert utforma i samarbeid mellom arbeidsleiarar og arbeidstakarar. Vi utviklar motiverande arbeidsoppgåver og aktivitetar for kvar einskild arbeidstakar med utgangspunkt i interesse og erfaringar arbeidsleiarar har.

Vi har erfart at dette aukar arbeidsgleda for alle på avdelinga.

Produkta vi leverer og produserar skal vere salgbare, og noko vi stolt kan vise fram. Vi har mindre krav til inntjening, og kan leggje til rette for at alle kan delta, og bruke den tida kvar enkelt treng på dei ulike arbeidsoppgåvene.


Vi driv mellom anna med:

  • Pakkeoppdrag for Bano og Strukturplast

  • Avfallshandtering innanfor papp og papir for NOMIL

  • Tekstil og handarbeid

  • Vedproduksjon

  • Produksjon av tennbrikettar

Kunne du, eller kjenner du nokon som vil søkje arbeid her?
Det er Gloppen kommune som handsamer søknaden og tildeler plass. Under finn du informasjon og link til skjema dersom du skal søkje.