Vår viktigaste jobb er å hjelpe menneske ut i arbeid. Vi sysselset arbeidstakarar som i kortare eller lengre tid har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass. Dette gjer vi enten gjennom tilsetting hos oss i vår produksjon og tenesteyting, eller gjennom formidling ut til næringslivet. Det skjer på deira eigne premissar, gjennom arbeidstrening og kvalifisering. 

 

AFT – ARBEIDSFØREBUANDE TRENING

Målet med dette tiltaket er å styrke deltakarane sine sjansar til å kome inn på den ordinære arbeidsmarknaden eller i utdanning.

Tiltaket har ei tidsramme på inntil eit år. Ved enkelte høve kan dette forlengast. Alle søknadar til tiltaket skjer gjennom NAV. Medan personen er i tiltaket vert det samarbeidd tett med NAV og andre oppfølgingsinstansar.

 

VTA - Varig tilrettelagt arbeid

Mona Vekst har Varig Tilrettelagt Arbeid til mennesker med uførepensjon som både kan og ønskjer å arbeide, men som for tida ikkje kan delta i den ordinære arbeidsmarknaden.

 

Språktrening på jobb

Mona Vekst AS kan tilby innvandrarar med flyktningbakgrunn unike muligheiter til å delta aktivt i arbeids- og samfunnslivet gjennom eige arbeid, og samstundes lære norsk. Vi har avtaler med fleire kommunar om språkpraksis, og ønskjer at interesserte tek kontakt.