Bilavdelinga er ei avdeling med gode arbeidsoppgåver for personar som er interessert i bil og treng tilrettelagd arbeid


Dekkhotellet på Mona Vekst har lagerplass til 200 sett dekk.

Her syt vi for at bilane er riktig skodd uansett årstid. Vi skiftar dekk, vaskar dei før lagring, og syt for at kundane våre skal sleppe å bruke verdifull lagringsplass til dekka sine heime.

Vi har eiga vaskemaskin, og stabil romtemperatur, som gjer at dekka held seg betre.

Bilavdelinga har ansvar for vedlikehald, dekkskifte og koordinering av Mona Vekst sin bilpark og transport.