Mona Vekst har sidan våren 2009 samarbeidd med Bama Gruppen om levering av Jobbfrukt til verksemder i Nordfjord og Indre Sunnfjord.


Å abonnere på ei Jobbfruktkorg betyr meir enn å motta ferske råvarer av høg kvalitet. Det er ekte fruktglede, når du kjøper jobbfrukt til di bedrift så støtter du verdifulle arbeidsplassar i ditt nærmiljø. Vi leverer til Indre Nordfjord og Eid på mandagar. Strekninga Sandane - Naustdal tysdagar, og i Eid og Vågsøy onsdagar.

Vi leverer korger med 3 og 5 kg frukt. Korga inneheld alltid eple, pære, banan, nøttemix og druer og blir supplert med sesongvarer som jordbær, nektarin, appelsin, knaskegulrot m.m.

 Vi lagar og flotte gåvekorger med frukt, nøtter, sjokolade innpakka i cellofan. 

Medarbeidarane har delteke på BAMA sin Jobbfrukt-skule som gir dei nødvendig innsikt i produkta, og lærer dei å behandle råvarene riktig. Med ei korg frå Jobbfrukt får du ferske produkt av den beste kvaliteten.