Mona Vekst sin kvalitetspolitikk byggjer på vår visjon, vårt slagord og våre verdiar:

Visjon:            Arbeid med glede

Slagord:          Eit steg vidare

Våre verdiar:  Respekt – Meistring – Mangfald

 

Mona Vekst sin kvalitetspolitikk skal, saman med våre Yrkesetiske retningslinjer,  vere styrande for alt arbeid i bedrifta, og gi ei ramme for å etablere og revidere kvalitetsmål.

Vi forpliktar oss til å drive kontinuerleg forbetring og utviking i tråd med kundane sine krav og forventingar. Dette gjer vi gjennom interne revisjonar, avvikshandssaming, samsvarsvurdering og strategiplaner.

Vår kvalitetspolitikk skal ha overordna målsetjingar som omhandlar bedrifta sine  tiltaksdeltakarar, ordinære tilsette og eksterne interessepartar.  Kvalitetspolitikken  skal årleg evaluerast.

OVERORDNA MÅLSETJINGAR 

- Mona Vekst skal gjennom individuelt tilrettelagte arbeidsforhold, på eigne avdelingar eller i samarbeid med ordinært næringsliv,  legge grunnlag for personleg vekst og utvikling for menneske med trong for bistand for å kome eller vere i arbeid.  Arbeidstilbodet skal  vere basert på den enkelte sine føresetnader og behov.

- Mona Vekst skal gjennom ein allsidig produksjon av varer og teneste legge til rette for variert arbeidspraksis og kompetanseutviking  for sine arbeidstakarar. Tiltaksplassane skal vere  fullt utnytta.

- Mona Vekst skal vere ein triveleg og trygg arbeidsplass for sine tilsette, med gode arbeidsforhold, som gjev høve for kompetanseutvikling og aktivt involvering i bedrifta sitt tenestetilbod.

- Mona Vekst skal vere ei attraktiv bedrift både for  NAV, kommunar og næringslivet  i regionen. Organisasjonen skal vere endringsdyktig og  tilpasse seg  skiftande krav  og endra forhold i arbeids- og samfunnsliv.