Mykje har skjedd sidan starten. Her kan du lese om historia til Mona Vekst, ei rivande utvikling for ei viktig bedrift med verdifulle arbeidsplassar i nærmiljøet.

1979 - 1991   
Nordfjordheimen var skule og internat for psykisk utviklingshemma i Nordfjord. Institusjonen vart offisielt opna i 1979 av dåverande kronprins Harald. Det var ca. 30 tilsette. Fleire av dei som budde der hadde arbeidsstaden sin i lokale i Epir-bygget i Mona, i gå-avstand frå institusjonen. Her produserte dei ved, filleryer og anna handarbeid for sal.

1990   
Brev om overføring av HVPU-verkstader til Arbeidsmarknadsetaten: Etter HVPU-reforma på 1980-talet blei Nordfjordheimen nedlagd i 1991. Bebuarane flytta i eigne leilegheiter. Gloppen Kommunestyre oppretta eit ASVO (arbeidssamvirke i offentleg regi) med 80% finansiering frå staten og 20% frå kommunen. Arbeidsdirektoratet hadde då oppretta eit nytt tiltak for HVPU-bedriftene som vart kalla PV (produksjonsverksemd).

21.11.1990
Mona Arbeidssenter vart etablert.
Bedrifta driv med tekstil og produksjon av ved. I årsmelding for 1991 kan vi lese at verksemda hadde eit overskot som vart vedteke å nytte til investering i utstyr som kan auke inntening og skape variasjon i arbeidet. Det står også at sjukefråværet blant dei tilsette har vore tilnærma lik null og at dette oppsiktsvekkjande gode talet speglar det gode miljøet på arbeidsplassen.

1994   
Mona Arbeidssenter kjøper del av Epir bygget der ein er lokalisert.

1996   
I 1996 vann Mona Arbeidssenter i konkurranse med Rens Vask, moppevaskordre frå Gloppen sjukeheim, og ny vaskemaskin vart bestilt. Det blei bestemt å kjøpe inn rulle og barrierevaskemaskin, og vaskeriet skal bli godkjent etter Norske Vaskeriers Kvalitetskontroll sine krav. Dette blei starten på vaskeriet slik vi kjenner det i dag. Gjennom investeringane  fekk dei store kundar som Gloppen Kommune, Gloppen Hotell, Eid Kommune og Nordfjord sjukehus. Dei tilsette la ned stor innsats for å få vaskeriet opp og gå, og for å tilfredsstille kundane sine krav.

2002   
Ny forskrift om arbeidsmarknadstiltak. Der blei det innført eit nytt arbeidsmarknadstiltak: Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA). ”Hovudformål med det nye regelverket og avtala er å sikre og utvikle et godt tilbud om varig tilrettelagt arbeid, og attføring av arbeidstakere gjennom produksjon av varer og tjenester for et marked. Det vert lagt stor vekt på at arbeidet skal bidra til å utvikle ressurser hos de yrkeshemmede arbeidstakerne gjennom tilrettelagt kvalifisering. Kvalifiseringen skal også tilpasses arbeidstakernes behov i forbindelse med overgang til andre tiltak og/eller ordinært arbeidsliv.»

2004   
Gloppen Kommune bestemmer at VTA plassane i kommunen skal samlast i ei bedrift. Mona Arbeidssenter tek dermed over Sandane Industri sine 10 plassar ved tre-avdelinga i «ASV» bygget. Same år kjøper Mona Arbeidssenter Sogn og Fjordane Energi sitt industribygg i Mona og Sandane Industri sitt ”ASV-bygg”. Dette medførte ei stor endring for heile bedrifta. Vi fekk store lokale som ga rom for utviding og nytenking. Vaskeriet blei utvida og vi opna ny avdeling for bilpleie. Vi fekk fleire kontor og møterom som ga høve til undervisning og samling i grupper. Bedrifta blei og godkjend for seks arbeidspraksisplassar.

2005   
Mona Arbeidssenter endrar namn til Mona Vekst.

2006   
Innflytting i nye lokale blei markert med stor fest med innbedne gjester og stor annonse i Firda Tidend ”Vi gratulerer Mona Vekst med nye lokale på Sandane og takkar for oppdraga”. No sto dei gamle lokala tome og det ga høve for å tilby Gloppen Kommune tilrettelagte arbeidsplassar/dagtilbod for personar som ikkje fekk nytte seg av NAV sine tiltak. Dette behovet hadde vi sett lenge, og var også tidlegare lansert for kommunen. Hels og sosialsjef og Gloppen kommune prioriterte midlar til å kjøpe eit slikt tilbod, og ein avtale blei godkjent av kommunestyre i juni 2007. I 2008 opna Arbeidssenteret med åtte plassar. Då hadde dei allereie lagt ned ein stor innsats i å pusse opp og få fine, lyse og tenlege lokale. Her blir det tilrettelagt  for arbeid, og il tillegg er det rom for større variasjon i arbeidsdagen med trening, musikk, turar, sosiale grupper. Arbeidssenteret er ein viktig miljøfaktor for heile bedrifta når dei inviterer til sommaravslutning og underheld på julebordet.

2008   
Ein startar Jobbfrukt. Sal og levering av frukt til andre bedrifter Nordfjord og Sunnfjord.

2009   
Vaskeriet til Mona Vekst vinn anbod om endå ein kommune i Nordfjord.

2012   
Vaskeriet til Mona Vekst vinn eit samla anbod for sju kommunar i Sogn og Fjordane. Ein av kommunane som allereie er kunde hjå Mona Vekst er med i dette anbodet. For å greie å levere dette anbodet vert det investert og bygd om i vaskeriet. Kapasiteten vert dobla.

2014   
Mona Vekst inngår samarbeid med Nordfjord Miljøverk (Nomil) om drift av sortering og presse av papir og plast i Eidsmona.

2016   
Mona Vekst vinn eit samla fylkesanbod på vaskeritenester for 13 kommunar. Dette medfører seks nye kommunar for vaskeriet. Ombygging og investering i ny kapasitet vert gjennomført tidleg i 2017. Vaskeriet kan no produsere ca. 700 tonn tøy på eit år.