20181018-mona_vekst-22302-Edit.jpg

Birgith Hjelle Roset

Tidleg vår 2018 tok Birgith over som dagleg leiar etter at Steinar Sægrov gjekk av med pensjon. Birgith har administrativ utdanning, har tidlegare jobba i SFE og er stolt over å leie Mona Vekst inn i framtida.
- Dette er den mest meiningsfulle jobben eg kan tenke meg, og det er viktig at denne type arbeidsplass overlever i framtida, seier Birgith.

Telefon: 91714425

E-post: birgith@monavekst.no

20181018-mona_vekst-22345-Edit.jpg

Peder Langeteig Sande

Peder er avdelingsleiar for vaskeriet ved Mona Vekst. Han har vidareutdanning innan økonomi og produksjonsstyring, og har mange års erfaring som avdelingsleiar og fabrikksjef i store industribedrifter. Han har leia og utvikla avdelinga til å verte eit av fylket sine kvalitetsvaskeri. Her er ei fin blanding av tilrettelagde arbeidsplassar, sikker levering av tøy til kundar i heile fylket og stor omsorg mellom kollegaer. Peder er ein god mann å ha med på laget, framoverlent og positiv!

Telefon: 95157672

E-post: peder@monavekst.no

20181018-mona_vekst-22389-Edit.jpg

Ina Therese Solvang

Ina er avdelingsleiar for Arbeidssenteret. Ho er utdanna vernepleiar og musikkterapeut, har lang leiarerfaring og er ein god motivator. Ina er ein dyktig og viktig lagspelar.
- Eg vil bidra til å skape meiningsfulle kvardagar for personar som treng litt ekstra tilrettelegging og oppfølging i arbeidet, seier Ina.

Telefon: 47602337

E-post: inatherese@monavekst.no

20181018-mona_vekst-22263-Edit.jpg

Arild Horntvedt

Arild er attføringsleiar og har lang erfaring innan attføringsarbeidet ved Mona Vekst. Han har ansvar for kvalitetsarbeidet, er utdanna ergoterapeut og er verneombod i bedrifta. Arild er ein solid og allsidig mann, og ein viktig mann å ha med på laget.
- Det er eit samfunnsansvar å bidra til jobbmulighet for alle, og skape arbeidsglede ved meistring og utvikling, seier Arild.

Telefon: 48151430

E-post: arild@monavekst.no

20181018-mona_vekst-22363-Edit.jpg

Kåre Hestenes

Kåre er avdelingsleiar for treavdelinga, ein viktig arbeidsarena for mange av våre arbeidstakarar uavhengig av type tiltak. Han er ein mangfaldig mann og fiksar det meste. Han har lang erfaring i bedrifta og spelar ei viktig rolle i kvardagen for både leiargruppa, tilsette og arbeidstakarane.

Telefon: 99545684

E-post: kaare@monavekst.no