AFT - Arbeidsførebuande trening

 

Målet med AFT tiltaket er å kartlegge deltakarane si arbeidsevne og styrke kvar enkelt sin moglegheit til å kome i arbeid.

Målgruppa for AFT er personar med nedsatt arbeidsevne og usikre yrkesmessige forutsetningar, og som i ein periode har behov for tett oppfølging og tilrettelegging med sikte på å kome i ordinært arbeid

Mona Vekst har til ein kvar tid 6 deltakarar i AFT - tiltaket.

AFT- tiltaket tilbyr:

  • Avklaring og kartlegging

  • Karriererettleiing og opplæring i karriereferdigheter og basisferdigheter.

  • Tilrettelagt opplæring med sikte på å oppnå reell og formell kompetanse.

  • Arbeidstrening i eit tilrettelagt og skjerma arbeidsmiljø

  • Tilrettelagt arbeidstrening og oppfølging i ordinært arbeidsliv.

Tiltaket har ei tidsramme på inntil eit år. Ved enkelte høve kan dette forlengast. Alle søknadar til tiltaket skjer gjennom NAV.