20181123-mona_vekst-23829-Edit copy.jpg

Hei, vi er mona vekst - engasjerte personar med lang erfaring og viktig kunnskap.

I Mona Vekst skal alt vi gjer ha ein positiv verdi for mennesker og samfunn. Føremålet er attføring. Vi jobbar tett på og med menneske, og tek utgangspunkt i kva som er viktig for den enkelte. Vår visjon er at mennesker skal erfare arbeid med glede, og våre viktigaste verdiar er respekt, meistring og mangfald.

Vi har ein variert bakgrunn som vernepleier, snekker og kokk. Ergoterapeut, administrator og gardbrukar. Bilmekanikar, sjåfør, fotograf, musikkterapeut og aktivitør. Erfaringa frå arbeidsliv, kjennskap til næringslivet i regionen og det å jobbe med mennesker er eit godt grunnlag for eit framoverlent og utviklande samarbeid. Vi er rundt 80 personar som kvar dag arbeider med varierte oppgåver i lokala våre på Sandane, eller i næringslivet elles i Nordfjord. Av desse er 19 instruktørar som legg til rette for at kvar enkelt skal få ta steg vidare for å nå sine eigne mål.

– Kvar og ein av dei har verdifull kunnskap og har vilje til å få menneske i arbeid. Det er akkurat dette vi treng for at Mona Vekst skal fortsette å levere. Vi er utruleg glade og takknemlege for at så flinke folk vel å vere ein del av Mona Vekst-miljøet.
— Birgith Hjelle Roset, dagleg leiar.