Gjennom eit godt samarbeid med NAV, offentleg og privat sektor, hjelper vi fleire på vegen til arbeidslivet.

Alle er viktige, men Vi vil rette ein særleg takk til våre støttespelarar i det private næringslivet, som tek eit ekstra samfunnsansvar. å bidra til at fleire lukkast, er eit kvalitetsstempel.


Gloppen kommune

Gloppen kommune er ein viktig samarbeidspart for Mona Vekst. Vi ønskjer at kommunen skal få mest ut av eigarskapet sitt, og har som mål å vere ein sentral samarbeidspartnar innan arbeidsinkludering for kommunen. Vi driftar Arbeidssenteret for kommunen, vi køyrer ut mat for Omsorgsenteret og vi vaskar tøy for institusjonar. Dette er fine arbeidsoppgåver for personar som treng tilrettelagde arbeidsplassar.
www.gloppen.kommune.no

NAV

NAV er ein av Mona Vekst sin fremste samarbeidspartner. Mona Vekst er tiltaksarrangør for Varig tilrettelagde arbeid (VTA) og Arbeidsførebuande trening (AFT), i tillegg til fleire andre arbeidsmarknadstiltak frå NAV.

NOMIL

Vi utfører sortering og pressing av plast og papir på deira anlegg i Eidsmona. Det gjev gode og varierte arbeidsoppgåver med køyring av anleggsmaskiner og manuell utsortering av avfallsfraksjonar.
www.nomil.no  

 

BANO

Bano AS er eit internasjonalt firma som leverer eit komplett baderomskonsept til helsesektoren Bano er ei spennande bedrift som vi har eit godt samarbeid med, og vi monterer og pakker ergonomisk utforma støttehåndtak til toalett.
www.bano.no

 

STRUKTURPLAST

Det er fint å utføre oppdrag for vår næraste nabo, Strukturplast. Å pakke skruer og muttarar som skal nyttast i produksjonen er gode arbeidsoppgåver for våre arbeidstakarar.
www.strukturplast.no