vil du ta læretida di i kontor- og administrasjon-, eller salsfaget her hos oss?

So kult at du vil bli lærling. Etter år med skule skal du endeleg ut i lære og forhåpentlegvis vil du etter læretida få ditt synlege bevis på din kompetanse. Læretida er ei spennande tid, og består som regel av to år i ei bedrift. No kan det vere her hos oss i Mona Vekst på Sandane. Det eine året kallar vi opplæringsår og det andre verdiskapingsår. Enklare sagt vil du i starten av læretida få meir opplæring og trening, medan du mot slutten av læretida vil delta i verksemda på lik linje med andre arbeidstakarar, og bidra til verdiskaping. I heile læretida vil du få tett oppfølging av både oss og opplæringskontoret. I tillegg vil du jamnleg dokumentere det du har lært i den webbaserte opplæringsbok som Nordfjord opplæringskontor byr på, slik du er best mogeleg førebudd til du skal ta fagprøve.

Vi seier som Nordfjord Opplæringskontor; “Det fyrste du no må gjere er å søkje om formidling om læreplass på vigo.no.” Uansett om du har søkt læreplass igjennom dei, ei bedrift eller andre opplæringskontor er det viktig at du registrerer søknaden din der. Søknadsfristen er 1. mars (1. februar for lærekandidatar).

Lurer du på korleis vi har det? Du kan få informasjon ved Nordfjord Opplæringskontor, eller du ringer oss for ein prat. Vi gler oss til å kunne fortelle deg om oss.

Kontaktinfo: