VTA - Varig tilrettelagt arbeid

 

Mona Vekst har Varig Tilrettelagt Arbeid til mennesker med uførepensjon som både kan og ønskjer å arbeide, men som for tida ikkje kan delta i det ordinære arbeidsmarknaden.

Arbeidstakaren er tilsett hjå Mona Vekst, og tiltaket er ikkje tidsavgrensa. Tiltaksdeltakar arbeider med produksjon og omsetning av varer og tenester på våre vdelingar. Arbeidsoppgåvene skal tilpassast den enkelte si yteevne. 

Arbeidet skal bidra til å utvikle ressursar hos arbeidstakarane gjennom kvalifisering og tilrettelagte arbeidsoppgåver. Vi tilbyr så langt vi kan arbeidsoppgåver tilpassa den enkelte sine ynskjer og behov. Arbeidsleiarane gjev nødvendig oppfølging for at dei skal oppleve meistring.

Mona Vekst kan også gjere avtale med ordinære bedrifter om at våre arbeidstakarar kan utføre arbeidsoppgåver hjå dei.

Mona Vekst har 26 plassar for Varig Tilrettelagt Arbeid. Det er hovudsakleg personar frå Gloppen kommune som har sitt arbeid her, men her er også arbeidstakarar frå Eid og Jølster. Det er NAV som tilviser personar til tiltaket