Hovudoppgåva til Mona Vekst er å levere attføringstenester.

  • Vi vil gjennom desse yrkesetiske retningslinjene gjere arbeidstakarar ved Mona Vekst bevisst sitt samfunnsansvar og yrkesetikk.

  • Stimulere til at vi vurderar og utviklar vår tenestekvalitet og vårt faglege nivå.

  • Synleggjere for tiltaksdeltakarar og interessepartar kva dei kan forvente av samarbeidet med Mona Vekst.

Mona Vekst arbeider etter verdiane respekt, mangfald og meistring. Vår yrkesutøving er basert på humanistiske og demokratiske prinsipp. Sentralt står den enkelte sin motivasjon og høve til å leve eit liv på eigne premissar.

Følgjande prinsipp dannar eit felles etisk grunnlag for alle som har sitt arbeid på Mona Vekst: Respekt for enkeltindividet Alle menneske er likeverdige og har rett på eit verdig liv uavhengig av nasjonalitet, språk, kultur, kjønn, seksuell legning, funksjonsnedsetting, alder, religion og politisk oppfatning. Alle som har sitt arbeid på Mona Vekst er opne og ærlege, og viser tillit, omsorg og nestekjærleik overfor sine kollega. Å jobbe på Mona Vekst fremjar høve til å ta ansvar for eige liv og for konsekvensane av eigne handlingsval. Alle bidrar aktivt til eit godt og konstruktivt arbeidsmiljø

I arbeidet med leggje til rette for godt attføringsarbeid på Mona Vekst er det viktig: å skape eit trygt arbeidsmiljø som sikrar at ingen vert utnytta verken fysisk, psykisk eller økonomisk. Å styrke den enkelte tiltaksdeltakar si meistring og kontroll over eige liv. Jobbe for myndiggjering slik at kvar tiltaksdeltakar får hjelp til å mobilisere og ta i bruk eigne ressursar for å oppleve meistring og styring over eige liv. Halde eit høgt fagleg nivå på tenesta. Dette gjeld fagleg kunnskap, etisk refleksjon og kvalitet i det daglege arbeidet. Konfidensialitet og teieplikt. Personvern er ein grunnleggjande verdi. Teieplikta forsvarar den enkelte tiltaksdeltakar sin rett til å bestemme over informasjon om seg sjølv. Teieplikt er også ein føresetnad for ein tillitsfull relasjon mellom ordinært tilsette og tiltaksdeltakar.

Gjennom våre yrkesetiske retningslinjer tek Mona Vekst eit steg vidare mot vår visjon om ”Arbeid med glede”