I Mona Vekst AS i Nordfjord finn du arbeidsglede og entusiasme som vi er stolte av. Her får menneske som treng tilrettelagt arbeid hjelp. Her får dei som slit i ytterkanten av arbeidslivet hjelp med å finne jobb.

Vi gjer dette viktige arbeidet frå Sandane i Gloppen og frå Eid. Samfunnsoppdraget løyser vi saman med kundar, det offentlege, og med 240 andre vekstbedrifter i landet. Vi produserer flotte varer og yter gode tenester for sal i lokalsamfunnet og i regionen.

 
 

Steg mot jobb

Vår jobb er å hjelpe menneske ut i arbeid. Det gjer vi på deira eigne premissar, gjennom arbeidstrening og kvalifisering. Les meir om korleis vi jobbar med vegen mot arbeid.

Les meir →

Ta kontakt

Ønskjer du å kome i kontakt med Mona Vekst? Klikk deg vidare her, og du vil finne kontaktskjema og naudsynt informasjon.

Les meir →